Annonse

This is alternative content.

Kitch'n

This is alternative content.

Mestergull
Annonse
Bryllupsmagasinet
BRYLLUPSMAGASINET - NORDENS LEDENDE BRYLLUPSWEB FOR DEG MED BRYLLUP I TANKENE

Prinsessebryllaup på Hotell Ullensvang

Prinsessebryllup på Hotell Ullensvang

Hotel Ullensvang ligg i den fredelege bygda Lofthus midt i hjarta av det unike og prisbelønna vestnorske fjordkulturlandskapet. Hotellet ligg idyllisk til på solsida av Sørfjorden, ein arm av Hardangerfjorden, med den majestetiske Hardangervidda i ryggen.

Tekst: Barbara Zanoni Utne | Foto: Hotell Ullensvang

Hardanger er eit distrikt som har inspirert mange forfattarar, målarar og komponistar gjennom åra. Komponisten Edvard Grieg var stamgjest på Hotel Ullensvang i mange år, og her fann han inspirasjon til kjende verk som ”Våren” og ”Holberg Suiten”. Den vesle komponisthytta hans står framleis i hotellet sin hage, med utsikt mot den majestetiske Folgefonna, som speglar seg i den glitrande blå Hardangerfjorden.

Frå 1846, då Hans Utne leigde ut ei seng, si eiga, har Hotel Ullensvang utvikla seg i takt med tida. Den dag i dag er hotellet eigd og drive av familien Utne. Trass i moderne fasilitetar, held familien på den personlege omtanken for gjestene, og på tradisjonar som berre eit privateigd hotell maktar å ivareta.

Europeiske kongelege, samt personar som Indira Gandhi, Willy Brandt og Henry Kissinger, er blant dei som har gjesta hotellet gjennom tidene. Men hotellet er ikkje berre for ”Kongelege”, me ynskjer å gje alle ein ”Kongeleg” velkomst.  

Hardanger er vel sjølve vogga for nasjonalromantikken. Ei betre ramme rundt bryllaupet enn blømande frukttre, kvite isbrear og djupblå fjordar, kan vel neppe tenkjast.

Hotel Ullensvang har lang erfaring som vertskap for bryllaup, store som små. For oss er det du som arrangør som står i sentrum. Våre medarbeidarar kan hjelpe til under heile prosessen med planlegging og gjennomføring, slik at opplevinga under opphaldet skal svara til forventningane.

Kva med å gifte seg i steinkyrkja som Tidemand og Gude foreviga i måleriet ”Brudeferden i Hardanger”? Motivet ”Brudeferden i Hardanger” er sett saman frå skisser teikna på ulike stader i Hardanger, men hovudmotivet er Ullensvang kyrkje, eller ”Kirken på tangen” som den også vert kalla. Den ligg på eit nes, eller ein tange, litt i utkanten av sentrum. Kyrkja stod ferdig i år 1300, og er ei steinkyrkje bygd i gotisk stil. Me anbefaler brudeparet å nyte hotellets veteranbil, ein 1926-modell 7-setars Buick til og frå kyrkja. Spaserturen gjennom Lofthus bygda tek ca. 20 minuttar.

Eller kva med å gifte seg på ei lita øy i hotellet sin fjordhage eller i hotellet sitt tårnrom?

På Hotel Ullensvang er dette mogleg. Vi har ei rekkje små og store lokale (frå 10 – 350 plassar) både for vigsel og feiring av den store dagen.

Hotel Ullensvang har eit kjøken som arbeider etter strenge kvalitetskrav. Bruk av lokale råvarer og dyktige medarbeidarar gjer at maten som vert servert held høg kvalitet. Spesielt kjend er vår store ”Hardangerbuffet” som er ein buffet beståande av eit mangfald av kalde og varme freistingar. Dei fleste vel å få servert en festmeny i eige lokale der vi gjerne tek omsyn til spesielle ynskjer.

Dansebaren vår ligg i fyrste etasje. Her er levande dansemusikk alle dagar unnateke søndag. Vi har og ei rekkje aktivitetstilbod som bl.a. innandørs symjebasseng, sauna, tennishall og golfsimulator, leikerom for dei minste mm.

Dei fleste av dei som gifter seg hjå oss vel å overnatte med selskap frå fredag til sundag. Det gir både brudeparet og tilreisande bryllaupsgjestar moglegheit til å oppleve hotellet sine fasilitetar samt den flotte naturen omkring.

Nokre fakta:
344 senger i 172 rom, alle med bad, radio, satellitt-tv, minibar, hårtørkar og fri tilgang til internett. Dei fleste rom har balkong. Badekåpe og slippers er tilgjengelege i oppgraderte romkategoriar (juniorsuitar & suitar).
Hotellet er ope heile året.
Garasjeanlegg for 90 bilar med direkte inngang til hotellet.

Fritids-/Sportsaktivitetar:
Utandørs, sommarhalvåret: Robåtar til fri bruk. Trøbåtar til leige. Sightseeingturar med sjøfly eller helikopter over Folgefonna. Stort hage- og kaianlegg med høve til bading i fjorden. Eiga sandstrand med vasstrampoline.
Innandørs, heile året: Oppvarma symjebasseng, boblebad, sauna, biljard, bordtennis og leikerom. Trimrom. Tennishall, squash og golfsimulator. Bowlinghall (vinterhalvåret).

Velkomen til Hotel Ullensvang! Sjekk inn. Pust ut.

Publisert 01.06.2010

I FOKUS

GS Foto AS

Vi er profesjonelle fotografer som liker utfordringer, og som vet at en god dialog alltid fører til de beste resultater. I Nor...
Les mer >>
BILDEGALLERI

Bildegalleri - BrudekjolerBildegalleri - BrudgommenBildegalleri - Bryllupsreiser

Klikk på valgfri kategori i bildegalleriet for å se bildene. 

HVA MENER DU?

Ville du tatt et banklån for å finansiere bryllupsreisen?

Svar >>