Karoline & Petter

Då vi kom ut på kyrkjetrappa fanga ho oss i linsa - oss to for første gong som mann og kone ut kyrkjedøra. Heilt fremst - glade og spente. Karoline & Petter for resten av livet. Rett bak oss kom gjestene og ville gratulere.

Tekst: Karoline & Petter  Foto: Fotografen Eide - Kristin Eide 

Så var det fotografering på kyrkjetrappa. Forlovaren retta på sminka mi. Først oss to, så forlovarar, deretter brudepiker og brudesvenn, og så heile storfamilien. Smilet var bredt, alle måtte sjå på fotografen - fnising og latter.

Tandemsykkelen stod klar ved kyrkjemuren - tante hadde pynta den med vakre blomster. Denne skulle ta oss dei 200 meterane frå kyrkja til barndomsheimen min. Vi prøvde ikkje å sykle, men trilla den forsiktig langs vegen, og vi syns det var fantastisk at det hadde slutta å regne. 80 gjester stod på ei lang rad langs vegen og smilte, og tok bilder.

I hagen skålte vi med procecco og åt kanapèar, borna sprang rundt og leika. Her skulle gruppebildet takast. Det var utfordrande å samle alle, og få ungane til å sjå på fotografen samtidig. Naboen vart redninga, ho blåste såpebobler og underheldt til vi fekk samla flokken - alle fekk fram latteren og bildet blei bra!

Pappa hadde tidleg ein idé om at vi skulle reise til den nye turistattraksjonen på Hoven i Loen for å ta bryllaupsbilder. På fine dagar er denne utsikta utruleg, då kan du sjå mesteparten av Nordfjorden. På vår bryllaupsdag låg tåka tjukk, og yr i lufta flata ut hårsprayen i frisyren. Men stemninga var det ikkje noko å seie på, forlovaren hadde tatt med procecco og humøret var på topp. 

Til slutt vart vi plassert oppe på ei steinhylle, der vi så vidt kunne skimte fjorden. Fotografen Eide fanga oss i ein augneblink, som rett og slett oppsummerer oss: Glade i fjell og natur, rolige, tenkande, drøymande og lukkelege!

LES MER:

Tok bølgen for bryllupsfesten

Etter en deilig frokost ble jeg sminket på rommet av Estimé hud og helse, mens håret ble stelt av Cita…

bryllup

Lene og Magnus

Slottet var perfekt for oss, det var helt fantastisk vakkert og glamorøst, men allikevel avslappet, og vi skjønte at dette…

Husk, det er kjærligheten som skal feires!

Dagen var planlagt i lang tid og til den minste detalj, noe som gjorde det lett for oss å slappe…

Bryllup i New York

New York er et sted vi begge hadde forelsket oss i på en tidligere reise. Vi ville at bryllupet skulle…

Real-Life Wedding – Linda & Haakon

Gleden er stor, mange telefonsamtaler blir tatt denne kvelden, til familie og nære venner. Resten av kvelden nytes i sofaen…